onsdag 19. mai 2010

”Krisekaravanen” – dei vanskelege spørsmåla

I vekene mellom 6. april og til midten av juli 1994 vart om lag 800.000 tutsiar massakrert i Rwanda av landsmenn frå ei anna etnisk gruppe, hutuane. Det rettslege oppgjeret etter desse hendingane held stadig fram i Tanzania, ved Dei sameinte nasjonane (SN) sin eigen domstol for dette folkemordet.

Den utfattelege valden skapte sjølvsagt ein stri straum av flyktningar. På kort tid var millionar av menneske på flukt, og mange av dei kom seg over grensa og inn i nabolandet Kongo. Rett ved grensebyen Goma vart det skipa store flyktningleire. Hit kom etter kvart hjelp inn frå heile verda; frå SN, frå Den internasjonale Raudekrossen (IRC) og frå frivillige organisasjonar (NGOar – non-governmental organisations). Telt, sjukehus, medisinar, mat, reint vatn, forpleiing, protesar til dei tusenvis av amputerte; - krisehjelp i stor skala.

Dei fleste trudde at flyktningane i Goma-leirane hadde rømt frå uhyrlege overgrep. Men, i følgje den nederlandske journalisten Linda Polman, tok dei feil: Det var overgriparane som kom i store flokkar over grensa. Mellom flyktningane fanst mellom anna heile den rwandiske hutuhæren og militsen som hadde stått bak nedslaktinga i heimlandet. Dei held fram med å myrde tutsiar og fredlege hutuar inne i leirane, og hadde etter kort tid etablert full kontroll over alt som gjekk føre seg der. Mat, medisinar, pengar, og – etter kvart – store mengder med våpen, kjøretøy og anna utstyr, gjorde sitt til at hutuane fekk nye krefter. Krefter som dei mellom anna nytta til å reise den korte vegen attende til Rwanda for å halde fram med ugjerningane sine. Vart dei svoltne og slitne av mord, amputeringar og valdtekter var vegen like kort attende til leirane ved Goma, og til den velmeinte krisehjelpa frå det internasjonale samfunnet. Paradokset er dermed at mange av ugjerningane som einskilde no lyt stå til rette for ved SN sin domstol i Tanzania ikkje hadde vore mogleg utan hjelpa frå SN sjølv, frå IRC og frå hundretals NGOar.

Dette er berre ei av fleire historier som Polman skriv om i den siste boka si, ”Krisekaravanen.” Polman er ein erfaren journalist som har vore til stades ved mange av dei humanitære krisene dei siste tiåra; Rwanda, Liberia, Somalia, Afghanistan, Haiti. Og det paradokset ho strekar opp er kort fortalt dette: På den eine sida finst det eit sterkt ønskje om å hjelpe når katastrofen rammar uskuldege menneske, om det er krig eller naturen sjølv som er den utløysande faktoren. Og denne trongen er ikkje berre avgrensa til folk i rike land. På den andre sida finst det grupper og leiarar utan moralske skruplar som heilt medvete utnyttar denne menneskelege medkjensla til å fremje sine eigne interesser.

Der desse to kreftene møtast er i det Polman kallar ”humanitærindustrien;” titusentals NGOar som konkurrerer med kvarandre om stadig nye prosjekt, nye oppgåver, - nye kjelder for finansiering.

Polman har krisene i Etiopia (frå 1980-talet) og Sudan som døme på korleis logikken i ”humanitærindustrien” kan fungere: Styresmaktene ser seg trua av opposisjon i ulike deler av landet. Dei utløyser så ei ”krise” ved å bruka soldatar til å brenne, øydelegge, valdta og myrde slik at store folkemengder kjem på flukt. Etter kvart som krisa vekst vert også den internasjonale merksemda større. Det er trong for internasjonal bistand, men all hjelp vert kontrollert av makthavarane. Det er dei som avgjer kven som skal få hjelp, og kor mykje. Og det er dei som ”et av lasset” – og sørgjer for at hovuddelen av innsatsen fell i eigne hender. Skal vi tru Polman er det ikkje uvanleg at opp mot 70-90 prosent av all humanitær hjelp faktisk endar med ”feil adresse.” Om Sudan skriv ho mellom anna dette:

Den som ser forbi leirene og retter blikket mot Sudans hovedstad Khartoum, ser at det går regimet godt. Det blir bygd majestetiske broer over Nilen, og kontorbygninger dukker opp overalt. Langs boulevardene i byene haster unge, rike sudanesere med designerrifter i jeansen og hippe joggesko til super- og hypermarkedene i sentrum, der de må klare å bestemme seg blant fjorten forskjellige dufter wc-luftfriskere og et utvalg importerte dypfryste godsaker. Salgstallene på BMW-er til 160.000 dollar per stykk og plasmatv-er går gjennom de fleste tak i Khartoum. (…) Sudans økonomi blomstrer. Regimet pumper opp rundt fem hundre tusen fat olje per dag – en dråpe sammenlignet med produksjonen i for eksempel Saudi Arabia, men nok til statsinntekter på om lag en million dollar per dag. Det regimet sparer på forsyninger til leirene for hjemløse, kan det bruke på kinesiske FN-6 rakettkastere, russiske kamphelikoptre og annet militært nips. Over sytti prosent av statsinntektene går til forsvaret.
Her ser ein både styrken og veikskapen i boka til Polman. Den er på den eine sida full av personlege og høgst truverdige erfaringar frå nokre av dei verste plassane på jorda, og slik fungerer den godt. Men på den andre sida vert det kasta fram tal og proporsjonar som det er vanskeleg å feste lit til (sjølv med ein svært låg realisert oljepris og med svært låge statlege inntekter vil ein produksjon på om lag 500.000 fat per dag gje vesentleg høgare inntekter enn det Polman synest å tru).

At journalistar surrar med tal er ikkje noko nytt. Men det går på truverdet laus, ikkje minst fordi referanseverket i boka ikkje fungerer. Tal, prosentar og ulike ”fakta” gjer teksten levande, men vert heilt klart nytta til å få fram journalistiske poeng – og ikkje til å gje lesaren eit grunnlag for å gå vidare med kritiske spørsmål. Eit anna døme på det same; - om krigen i Afghanistan - skriv Polman:
”Mellom 2001, begynnelsen på Krigen mot terror, og 2008 øremerket over seksti giverlandsforeninger totalt femten milliarder dollar for hjelp til Afghanistan, men hvor disse pengene egentlig er blitt av, er uklart. Verken giverne eller INGO-ene deres våger å besøke prosjektene de betaler for. Resultatet er en uetterrettelig sjonglering med bistandsmilliardene, noe som innbyr til svindel. Sykehus som ikke blir bygd, pikeskoler der i praksis bare gutter får undervisning – alle i Afghanistan kjenner til eksempler på hjelpeprosjekter som blir finansiert, men ikke realisert.
Truleg er det sant at ”alle” veit noko om ting som ikkje fungerer i Afghanistan, men her finst ingen referansar. På den andre sida finst det ein konkret referanse til ”Prospect Magazine” frå juni 2008, om korleis eit prosjekt for bustadbygging i Bamiyan-provinsen enda med at folk sette fyr på kostbare takbjelkar som var importerte frå Iran, rett og slett for å halde varmen. Berre ved det høvet hadde ei opphavleg løyving på 150 millionar dollar blitt redusert til to lass trailerar med berebjelkar, som var heilt ubrukelege for den lokale byggeskikken.

Vi mistenkjer derfor Polman for å ha mykje rett, sjølv om tala og dei faktiske opplysningane hennar er nokså selektive. Ho skriv som ein journalist, farga av omstende og inntrykk, og ho fortener å bli lest deretter.

Polman opnar boka si med ein ”dialog” mellom to av dei største humanistane vi kjenner; Henri Dunant og Florence Nightingale. Medan den fyrste held fast ved norma om at hjelpeorganisasjonar alltid skal vere nøytrale, hadde den andre lita tru på humanitær hjelp som i realiteten vart eit gissel for urimelege makthavarar. Alle menneske har krav på hjelp, sa den fyrste. Hjelp som ikkje nyttar er ikkje hjelp, sa den andre. Her meir enn anar vi eit skilje mellom kontinental pliktetikk, som hjå Kant (det kategoriske imperativ), og den britiske varianten av fornuftsdyrkinga, som i nytteetikken til Bentham (den maksimale nytta).

Det klassiske dømet på korleis ein hjelpeorganisasjon kan falla i hendene på ein brutal og grotesk makthavar er tilhøvet mellom Raudekrossen og Nazi-Tyskland i åra frå 1942. Medan utryddinga av jødane gjekk sin gong, og akselererte gjennom 1943, tok Raudekrossen ei avgjerd om at det var meir tenleg å halde kontakten med regjeringsmedlemmar, leirkommandantar og lokale nazisjefar enn å informere verda omkring om dei kriminelle handlingane som faktisk skjedde i utryddingsleirane. Idealet var å vere nøytral, for på den måten å gjere størst mogleg innsats for uskuldege. Realiteten var at SS henta ut alle føremoner til sine folk, medan fangane i konsentrasjonsleirane fekk ingenting og utryddinga gjekk vidare.

Og det er hovudpoenget til Polman. Det ”kostar” å vere nøytral, når det berre gjev tilgong til eit bitte lite mindretal av dei som verkeleg treng hjelp. I mange høve er ”humanitær” hjelp det same som å gje støtte til forbrytarane, opiumsdyrkarane, militsleiarane, dei lokale høvdingane. Det var eit alvorleg dillema for så vel Dunant som Nightingale. Det er eit alvorleg dilemma for alle vestlege land som nett no gjer kva dei kan for å stette ein president i Afghanistan som alle veit er korrupt. Korleis ein skal finne ein haldbar veg ut av denne krisa er fullt ut eit ope spørsmål.

Og det vert ikkje enklare av at vi no har ein heil industri, ein hær på titusenvis av NGOar, som alle ønskjer å overleve, som alle ønskjer fokus, som alle ønskjer ein plattform å leva vidare på. Der ein organisasjon er viljug til å setje ei grense, finst det hundrevis av andre som vil gå vidare. Men dermed er grunnlaget for spekulasjon i menneskeleg naud berre forsterka.

”Legar utan grenser” (MSF) vart skipa i samband med krisa i Biafra i Nigeria (1967-1970). Det starta som eit raseri frå franske legar mot den nøytrale politikken til Raudekrossen, i ein situasjon der millionar av menneske vart isolert frå omverda, og der sjølv ikkje IRC fekk tilgong. I dag er det mogleg å forstå denne grunngjevinga som eit ”oppgjer” med den nøytrale humanitære politikken, men sjølv ikkje MSF kan kvi seg frå den konkurransen dei har vikla seg inn i. Å være ”nøytral” i dag er samstundes å være langt i frå ”nøytral” i høve til nye prosjekt og nye moglege kriser.

Kva skal vi då gjere? Dette er den vanskelege avgjerda som Polman ikkje har svaret på. Vi kan meine at obskure organisasjonar – med fokus på vakre ansikt og amputerte hender – trass alt er betre enn ingenting. På si side kan Polman finne grunnar for at ingenting faktisk er betre enn noko; - så lenge det held makthavarar og torturistar med kontrollen. For min del tenkjer eg at lærdommen er meir triviell: Det finst faktisk tilhøve som korkje er kvite eller svarte. Dei gjer vala våre vanskelegare, men ikkje fånyttes. Og sjølv om verda er jævlig og urettferdig så finst det alltid ein uskuldig stakkar eller ei uskuldig jente der ute som fortener betre...

1 kommentar:

Torvald sa...

Veldig sant dette her, og en interessant opplysning om hvordan vi mennesker ofte kan skape problemer ut av situasjoner en helst burde ha lugget unna. Keep up the good work!