mandag 4. januar 2010

Kva gjekk gale i København?

Klimamøtet i København vart ein nedtur. Oppgåva – å skape semje om ein global og forpliktande avtale for reduserte klimautslepp – vart rett og slett for stor. Måtte det gå slik? Eg fryktar at svaret er ja. Det er for mange hindringar i vegen for ein slik avtale no, og den største hindringa er truleg at landa ikkje er samde om kva som er problemet – og i alle fall ikkje om kva som er den rette rekkefølgja på nødvendige tiltak.

Det er trivielt at klimaproblemet handlar om å redusere utsleppa av klimagassar. Det usemja dreier seg om er kven det særleg er som i dag slepper ut for mykje. Då handlar det om økonomi og om fordeling. Om lag to tredeler av menneskeskapte klimautslepp er knytt til bruk av energi, som igjen er knytt til økonomisk aktivitet. Den siste tredelen handlar om landbruk, arealbruk og om manglande skogvern, som òg er knytt til økonomi. Slik er klimaproblemet ei direkte økonomisk utfordring. I rike land er utsleppa per innbyggjar typisk høge, fordi dei nyttar mykje energi. I fattige land er dei typisk låge. Å løyse problemet kan berre skje ved at bruk av energi vert dyrare. Dyrare energi tyder dyrare produksjon og dyrare forbruk. Ei løysing må altså koste noko for nokon. Det er dette som er den utrivelege sanninga.

Dei rike landa i verda meiner at den beste løysinga på klimaproblemet er å dele på kostnadane, og å setje i verk dei billegaste tiltaka fyrst. I åra som kjem vil nesten heile auken i klimautslepp kome frå utviklingslanda, med Kina og India i spissen. Ja, Kina er allereie no det landet i verda som har dei høgaste klimautsleppa. Det nyttar ikkje om kutta berre skjer i industrilanda, - derfor må dei største utviklingslanda òg forplikta seg til å setje i verk kutt.

Men utviklingslanda deler ikkje denne forståinga av problemet. Slik dei ser det er klimaproblemet skapt av utsleppa frå dei rike landa, - det er desse landa som så å seie har fylt opp atmosfæren med klimagassar slik at det no er nødvendig å ta utsleppa dramatisk ned. Utviklingslanda seier ikkje prinsipielt nei til ein forpliktande klimaavtale, men dei meiner at det er dei rike landa som må kutta mest – og fyrst. I tillegg er det slik at utviklingslanda jamt over er meir påverka av skadeverknadene av klimaendringane. Dei meiner såleis at dei rike landa må kompensere dei fattige landa for desse skadeverknadene.

Nøkkeltala i denne usemja er desse: 1, 4, 8 og 18. Dei representerer etter tur utsleppa i tonn per innbyggjar i India, Kina, EU og USA. Gjennomsnittlege utslepp per innbyggjar for jorda under eitt må ned til 2 tonn innan midten av dette hundreåret– i fylgje Klimapanelet. I dag er talet 7 tonn i gjennomsnitt. Men for at 7 tonn skal bli 2 tonn, må USA gjere om 18 tonn til 2 tonn, EU må kutta 6 tonn per innbyggjar og Kina må halvere sine utslepp per innbyggjar – alt innan 2050.

Er noko slikt i det heile mogleg? I prinsippet, ja, sjølv om det er svært krevjande. I praksis – og etter København – hmm, vel…

På jolaftan reflekterte utanriksminister Gahr Støre over hendingane i København i Dagsavisen. Han hadde to hovudpoeng; det eine var at ”vi ikke er rede til å handle i tråd med egne interesser”, det andre ”at verden er blitt multipolar, flere poler med makt.” Det andre poenget er eg utan vidare heilt samd i, og det er eit viktig poeng for alle som trudde at alt som skulle til var å byte ut presidenten i USA. Obama er uendeleg mykje betre enn Bush. Men han er ikkje nok.

Det fyrste poenget er eg meir usikker på. Eg trur korkje India eller Kina (eller Indonesia eller Brasil, for den delen) har naive førestellingar om at klimaproblemet ikkje er viktig, og at det ikkje vil råka dei. Tvert om, er eg nokså trygg på at så vel indarar som kinesarar kan sjå at det er i deira eigen interesse å finna ei løysing på problemet. Det som ikkje er i deira interesse er å gå med på løysingar som er dikterte av OECD-landa, med USA i spissen. Rett nok held Obama ein flott tale i København; han snakka om ”trongen for handling, ikkje prat.” Men sanninga er at USA ikkje gjer stort meir enn Kina for å redusere utsleppa sine, kanskje mindre. Klimapolitikken til USA er jo enno just ”prat.” Det kostar framleis null dollar å sleppe ut eit tonn CO2 i USA, og det er høgst usikkert kor mykje det eventuelt vil koste i framtida. USA har slett ingen klimapolitikk, dei snakkar om å skaffa seg ein. Dette veit sjølvsagt Kina og India og alle andre land. Då er det heller ikkje merkeleg om dei gjerne vil sjå litt konkret handling frå landet der kvar innbyggjar står for 18 tonn klimautslepp i året, før dei tek på seg skyldnader om å kutta frå sine eigne nivå på 1 og 4 tonn.

Slik eg ser det synte København oss heller det motsette av kva Gahr Støre såg; dei einskilde landa handla nett ut frå eigne interesser. Obama hadde for sin del ikkje mandat til å stette ein ny avtale, for den føreslegne klimalova til Demokratane har framleis ikkje passert Kongressen. Men heller ikkje indarane, eller brasilianarane eller indonesiarane kunne koma heim med kva resultat som helst. I alle utviklingsland er det brei semje om at det er dei rike landa som lyt gå føre og syne at dei verkeleg gjer noko med sine eigne utslepp. Inga indisk regjering ville overleve om den gjekk med på forpliktingar for India utan å sikre at dei rike landa sine forpliktingar var enda mykje større. Vi er naive om vi trur at det berre er Obama som har utfordringar på heimebane.

Kan vi då seie noko positivt om København? Ja, det trur eg faktisk. Det aller mest positive er truleg at dei store aktørane i denne prosessen for fyrste gong måtte sitje saman og freiste å forstå argumenta hjå dei andre, med press på seg om å kome fram til eit resultat. I København var det enno vanskelegare å berre skuve problemet framfor seg, med lovnader om store kutt ein gong langt inn i framtida. Det har jo vore tilnærminga fram til no. Eg er derfor samd med klimaforskar Tora Skodvin i CICERO, som seier at det faktisk skjer viktige ting: ”Det føregår i dag klimapolitikk hos alle dei største nøkkelaktørane. – Når vi har problem med å få til eit internasjonalt avtaleverk, går dette på prinsipp: Kina har eit prinsipp om at dei rike landa skal forplikte seg først, og USA har eit prinsipp om at Kina skal forplikte seg til eit internasjonalt kontrollsystem.”

Den endelege fråsegna frå København er sjølvsagt utilstrekkeleg, og ikkje forpliktande på annan måte enn politisk og moralsk. Men den inneheld likevel nokre viktige prinsipp:
  • Målet om å unngå ein auke i temperaturen på meir enn 2 grader er stadfesta. Dette målet er svært ambisiøst;
  • Fråsegna slår fast at dei einskilde landa har ulikt ansvar og ulike utsikter til å løyse klimaproblemet;
  • Den slår òg fast at store kutt i utslepp er nødvendige, og at utsleppa i rike land må ned før dei kan reduserast i utviklingslanda;
  • Rike land forpliktar seg til å hjelpe utviklingslanda i møtet med klimaendringane, og til å finansiere klimatiltak og teknologioverføring i åra fram mot 2020, og med til saman 100 milliardar dollar årleg frå 2020;
  • Innan 31. januar 2010 skal alle ”Kyoto-land” (Annex I land) melde inn utsleppsmåla sine for 2020 – dette vil truleg gje mykje av grunnlaget for dei vidare forhandlingane.
Vi får derfor tru at alle har vorte litt klokare, og at aktørane no har større innsikt i kva som verkeleg trengst for å skipa ein ny klimaavtale. Obama kunne reise heim og fortelje Kongressen at internasjonalt samarbeid om klimaproblemet ikkje er mogleg utan at USA fyrst gjer noko alvorleg for å kutta i eigne utslepp. Og USA er eit land som verkeleg vil tene på internasjonalt klimasamarbeid. Kinesarane kunne reise heim med full tryggleik om at USA ikkje kjem til å gå med på nokon avtale om ikkje Kina og India er viljuge til å ta på seg eigne skyldnader, under internasjonalt tilsyn. Og alle rike land som levde i håpet om ein omfattande og kostnadseffektiv klimaavtale i København lyt no gå vidare på den krevjande vegen med å kutta i eigne utslepp. Det vert dyrt og det vert upopulært. Men slik er den utrivelege sanninga. Og den har ikkje endra seg sidan København.

3 kommentarer:

Håkon sa...

Det hele er løsbart og relativt enkelt. Om man vil løse CO2 problemene og ikke bare kreve inn skatter og avgifter, men tørr å være litt tøff.

Om EU innfører en ny type svanemerke, en sol eller en grønn jord eller noe.
Alle varer som kan dokumenteres ( ved inspeksjon ) er produsert etter Koyotoreglene kan handles fritt i EU.
Alle andre varer får f.eks. 40% straffetoll.

Da vil du se amerikansk bilindustri kjøpe kvoter. Da vil du se Kina skjerpe seg.
Om de ikke erklærer krig i stedet.

Løsningen er mao pinlig enkel....

Fredrik Mellem sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Fredrik Mellem sa...

Utviklingslandene har jo unektelig et par poeng:

Velstanden i de industrialiserte landene er basert på den økonomiske vekst og de klimagassene vi har sluppet ut gjennom 250 år.

Klimaproblemet har ikke oppstått i 2009. Selv om Kina og Inda har en radikalt og svært problematisk økende vekst i sine utslipp, så står disse landene likevel bare for en mikroskopisk andel av de akkumulerte utslipp i atmosfæren.

Det største problemet er likevel at det landet som har de suverent største utslipp pr innbygger (USA) også er det landet med den høyeste tettheten av politikere som fortsatt fornekter problemet.