lørdag 18. september 2010

Tanta i Akersgata

Feila mine er så mange at eg slett ikkje er skikka til å vere politikar. Den konklusjonen kom eg fram til for mange år sidan. Mang ein gong har eg rota det til for meg sjølv, og for andre. Sjeldan i vond meining, det er så, men det hjelper så lite.

Berre spør Eirik Mosveen i VG. Han veit kva som trengst. Han er landets fremste ekspert i dei moralske krava vi må stilla til våre folkevalde. Han har vorte sjølvoppnemnd storinkvisitor for både skatteetaten og tolletaten; på eiga hand har han sett i verk store undersøkingar om økonomien til norske statsrådar og regjeringsparti. Han har funne smykke, verdifulle tepper og merkelege prosjektmidlar. Dette har han så skrive om i avisa si, og resultatet er at heile regjeringsapparatet no ynkar seg under den moralske harmen hans. Ord som «svinesti», «galskap» og «stank» er mellom dei han gjer bruk av i bannbullane sine. I fylgje Mosveen har Regjeringa gjennomlevd eit «etisk og moralsk» samanbrot. Det er sterke ord, sjølv frå ein tabloid kommentator.

I det politiske miljøet er det kan hende freistande å leggje sakene til side, og i staden sjå på Mosveen som ein urimeleg hysterikar. Men då har ein ikkje skjøna kva som er poenget hans. VG er ikkje opptekne av storleiken på dei gåvene som er avdekka, - sjølv om det sikkert finst ei nedre grense jamvel for den avisa. VG er opptekne av dømmekraft. Det er dømmekrafta både hjå dei som gjev, men særleg hjå dei som tek i mot gåver, desse sakene handlar om.

Når Liv Signe Navarsete no skal steinast under leiing av øvstepresten i Akersgata finn du likevel ikkje meg i den rasande flokken. Ho har gjort ein feil i saka om smykkegåva, og dette har ho offentleg innrømma ved fleire høve. I mi verd er det godt nok til å gå vidare med andre spørsmål. Faktisk har eg mykje sympati både med forklaringa hennar og i høve til den negative merksemda som har vore retta mot henne i lang tid.

På den andre sida er eg ikkje einig med dei som hevdar at sakene aldri skulle vore avdekka, eller at dei ikkje er viktige. Sjølvsagt er det viktig når ein kan stilla spørsmålsteikn ved vurderingsevna til våre fremste folkevalde. Då er det berre å innrømma feil og trekke lærdom av dei. Noko anna alternativ finst ikkje. Derfor plagar det meg at det ofte tek så lang tid før dei sentrale aktørane kjem fram til den einaste haldbare konklusjonen. I staden vrir dei seg som makk på ein krok.

Eg har to problem med dette: Det eine er at den politiske lidinga varar for lenge. Den andre er at det gjer Eirik Mosveen viktigare enn han eigentleg er. Mosveen og VG har i fleire år stått i spissen for ei heilt spesiell vending i den politiske journalistikken: Dei har vorte revisorar, dei driv personleg og moralsk bokettersyn, dei nyttar tida si til å leite etter små sprekker i fasadane. Og har dei fyrst funne ein sprekk går dei i gong med grovare utstyr, då vert det bora og hakka heilt til det siste, lille smykkeskrinet er opna og gjennomgått. Nåde deg om dei finn noko som ikkje stemmer med bøkene; ei bryggje, eit stabbur, eit teppe, eit armband. Då er helvete laus, og revisorane gjev seg ikkje før alle korta er lagt på bordet. Er du frampå med ei lita «kvit lygn» er du dødsdømd som politikar. Slik er dei politiske lovene i landet vårt.

Når ein feil fyrst er avdekka går det ikkje an å meine at den ikkje er viktig. Her er VG på idiotsikker og uangripeleg grunn, samtidig som dei har skaffa seg ein evig fornybar ressurs: For folk vil alltid gjere feil, om dei er aldri så mykje statsrådar eller representantar på Stortinget, og om det er aldri så lite vond vilje som ligg bak. Det tyder at Mosveen alltid vil ha noko å skrive om. VG er for lengst etablert som norsk verdsmeister i politisk-moralsk bokettersyn, og dei kjem aldri til å gå tom for oppgåver.

I eit interessant intervju i Dag og Tid kommenterer Eirik Mosveen den inkvisitoriske rolla si. På spørsmål om det ikkje er ein fare for at personleg moral vert overdimensjonert i høve til dei politiske sakene svarar han: «Det føreset at du meiner desse sakene er små. Eg meiner det er ekstremt viktig at våre øvste tillitsvalde er til å stole på i spørsmål om lov og rett.» I intervjuet nemner han typisk store saker som Watergate-skandalen og krigen i Afghanistan. I høve til den siste seier han: «Men om ein ser (Afghanistan, min merknad) opp mot desse gåvesakene, er det vanskeleg å slå fast at det eine er veldig mykje viktigare enn det andre.» Intervjuet avsluttar han slik: «Kva er stort, og kva er lite i livet? Det er ikkje alltid lett å seie, i alle fall ikkje på førehand.»

Med andre ord: Ingen sak er for liten for den politiske redaksjonen i VG, for sakene kan alltids gjerast større når ein fyrst har dei rette verkemidla til rådvelde. Og det har jo VG. Denne reindyrka evna til ikkje å skilje mellom stort og smått gjorde at Mosveen i eit debattprogram på NRK hadde problem med å forklara kva for einskild sak som var den viktigaste; - var det smykka, teppene eller den mystiske «prosjektfinansieringa» i Senterpartiet? Mosveen visste ikkje, men her kan eg hjelpe han: Medan avsløringa av smykkesakene er å rekne for lettmetall er prosjektmilda til Senterpartiet frå Eidsiva Energi og Troms Kraft reint gull, journalistisk og politisk. Medan dei fyrste sakene nok er viktige og alvorlege, er dei i ein heilt annan og lågare divisjon enn den siste.

Derfor er det også den siste saka som kjem til å få politiske konsekvensar, og truleg også konsekvensar for dei involverte selskapa. Maken til uryddig blanding av roller er det heldigvis sjeldan vi ser i norsk politikk. At dei aktuelle selskapa ynskjer å betre vilkåra for fornybar energi her i landet er lett å forstå. Men kvifor dei skulle finansiere eit partipolitisk prosjekt for å nå dette målet er meir enn ubegripeleg; - den tanken at det nett er Senterpartiet som har hatt energistatsråden dei seinaste åra er så snublande nær at den er umogleg å halde på avstand. I så fall er det fleire enn Senterpartiet som har trakka over ei grense i denne saka, ikkje minst dei gåvmilde selskapa.

At pressa undersøker og avdekker slike saker kan ikkje vere anna enn rett og rimeleg, sjølv om dei er massivt utrivelege for dei som kjem i søkelyset. Men alle saker er likevel ikkje like viktige, slik Mosveen synest å meine. Det er skilnad på alvoret med krigen i Afghanistan og på tollverdien til dei teppa som utanriksministeren fekk i gåve derfrå. Det er skilnad på Watergate-skandalen og ei smykkegåve som vart handtert dårleg av mottakaren. Dette ser ikkje Mosveen, for han veit ikkje kva som er stort og lite i livet. Akkurat det tykkjer eg for min del er urovekkande.

2 kommentarer:

Tthoro sa...

Dessverre ser ikke Therkildsen et av hovedpoengene i disse sakene: Det et de samme politikerne som ser det som sin hovedoppgave å detaljregulere vanlige innbyggeres liv, og som forventer at vanlige folk uten støtteapparat og personlige hjelpere skal følge hver minste regel, som nå mener de enkelt kan få en unnskyldning og gå videre. Spør admiral Reksten f.eks, om det fungerte slik for ham da Strøm-Erichsen heksejaktet ham.

Det kan godt være at smykke- og teppesakene er småtterier. Men da må slike saker også være småsaker for folk flest, og det er det ikke i dag.

Partistøtten til SP er selvsagt ingen småsak uansett. Denne saken må få alvorlige konsekvenser for flere av de involverte.

Tom Sudmann Therkildsen sa...

Eg har aldri hevda at desse sakene ikkje er viktige og alvorlege - nett ut frå dei argumenta du legg fram. Det skriv eg og i innlegget mitt.

Men eg meiner framleis at det finst ein skilnad på store og små saker.

Heilt generelt er eg motstandar av at det skal finnast ulike reglar for politikarar og "vanlege folk." Derfor er eg glad for at regelverket for gåver no vert stramma ytterlegare inn.