lørdag 26. september 2009

Stoisk ro om klimautfordringa?

Kan filosofi lære oss noko om klimaproblemet? Ja, det trur eg.


Klimaproblemet er sjølvsagt politisk i den meininga at løysinga må vere politisk. Men det er og filosofisk, i alle fall på tre måtar: For det fyrste er klimaproblemet eit kunnskapsteoretisk problem, fordi det mellom anna handlar om å grunngje kunnskap om klimaendringar og årsakene deira. For det andre er det etisk, fordi det både dreier seg om kva som er riktige handlingar og om korleis ei rimeleg fordeling av byrder kan vera; - innanfor land, mellom land og mellom generasjonar. Og endelig er det pragmatisk, i den tydinga at ei løysing må sjåast opp mot kor effektiv den er i høve til dei oppsette måla.


Eitt av dei mest sentrale politiske forslaga til løysing av klimaproblemet går ut på å gjere det kostbart å sleppe ut klimagassar. Dette kan anten skje gjennom ein skatt eller gjennom å laga eit system for omsetjing av kvotar for utslepp (slik det no er i EØS-landa). Tanken er at det skal koste noko – gjerne mykje – å sleppe ut klimagassar. Då gjer ein rekning med at både folk flest og verksemdene kring i verda vil freiste å finne på noko anna i staden; til dømes at dei vil bruke energi som ikkje gjev klimautslepp, og elles innrette seg slik at utsleppa vert så låge som mogleg for å halde eigne kostnader nede. Løysinga er økonomisk rasjonell, og det kan førast prov for at den vil gje dei største reduksjonane i utslepp til dei lågaste kostnadene. Føresetnaden er at alle aktørar møter den same prisen over alt – i Bangladesh som i Noreg.


Dessverre er løysinga ikkje nødvendigvis korkje etisk eller pragmatisk tilfredsstillande. Ei marknadsbasert løysing vil – i alle fall reint teoretisk – gje som resultat at kostnadene for samfunnet vert minimerte. Men den vil ikkje utan vidare gje som resultat at den er rettferdig, i den meininga at byrdene ved omstillinga er fordelt i høve til føresetnadene til det enkelte land eller individ. Årsaka er triviell: Verda er urettferdig frå før, og klimaproblemet er i seg sjølv eit produkt av denne mangelen på rettferd. Ei løysing som skal vere rettferdig – under ei rimelig tolking av omgrepet – føreset difor meir enn ein felles pris på utslepp. Den føreset i tillegg ei form for omfordeling mellom rike land og menneske på den eine sida og fattige land og menneske på den andre. Utan ei slik omfordeling er det lite truleg at fattige land vil gå med på ein avtale om reduserte utslepp, noko ei effektiv løysing vil krevje. Slik vert spørsmålet om fordeling også eit sentralt pragmatisk omsyn.


Dette er såleis vanskelege spørsmål i høve til alle dei tre dimensjonane; kunnskapsteori, moral og pragmatikk. For det fyrste må det vere semje om kva for utslepp som er skadelege, kva for tiltak som verkeleg vil ta utsleppa ned og kva for nivå dei skal ned til. For det andre er det trong for ei felles forståing av kva som kan vere ”rettferdig” når det gjeld gjennomføring av tiltaka. Og endeleg må landa i verda verte einige om eit system som sikrar at tiltaka faktisk vert sett ut i livet.


Vi skjønar at økonomisk rasjonalitet åleine ikkje kan gje svar på desse spørsmåla. Det tyder ikkje at slik rasjonalitet er unyttig, unødvendig eller uinteressant, men heller at den er utilstrekkeleg. Ein annan måte å seie dette på er at den økonomiske rasjonaliteten vert overbelasta i høve til sjølve problemet.


I 1991 publiserte Hans Skjervheim (1926-1999) ein artikkel som drøfter korleis økologiske problem kan møtast med politiske verkemiddel. Artikkelen heiter «Økologi og normalpolitikk» og er nærast å rekne for eit programskrift om dei utfordringane som internasjonale økologiske problem – som klimakrisa – stiller oss ovanfor. (Artikkelen finst mellom anna i boka "Hans Skjervheim: Teknikk, politikk og utopi. Utvalde politisk-filosofiske småskrifter 1963-1991," Aschehoug 1996)


Den fyrste observasjonen til Skjervheim er at «ein velfungerande økonomi og eit fornuftig samfunn ikkje er mogleg utan marknadssystem.» Men eit slikt system kan ikkje styre seg sjølv, meiner han: «Min tese er at eit velfungerande fritt marknadssystem er nødvendigvis sterkt avhengig av staten, fordi det krevst eit utførleg og omfattande lovsystem og juridiske institusjonar for at eit slikt marknadssystem skal fungera.»


Marknaden er naudsynt, men ikkje tilstrekkelig. Ein grunn til dette er det Skjervheim kallar «modellplatonismen» i økonomisk teori: Den konsistente og nyttemaksimerande fornufta som økonomiske teoriar bygger på finn vi berre delvis att i verkelege økonomiar. Men så er det slik at økonomi er meir enn eit akademisk fag, det er og ein profesjon. Utøvarane av denne profesjonen vil freiste å finne løysingar ut frå eit særskilt perspektiv på korleis aktørane i økonomien oppfører seg. Ei viktig side ved dette perspektivet er nettopp oppfatninga om at alle aktørar opptrer rasjonelt, at dei har klare og varige preferansar og at desse preferansane alltid er velordna (at aktørane så og seie alltid veit kva dei vil). Resten vert då lite meir enn reknestykke.


I streng økonomisk forstand er klimakrisa uttrykk for marknadssvikt: Det kostar ingen ting å sleppe klimagassar ut i atmosfæren, men slik burde det ikkje vere for utsleppa er årsak til kostbare miljøproblem som råkar oss alle. Atmosfæren er såleis å forstå som ein allmenning som har trong for betre forvaltning. Løysinga er å etablere ein marknad der noko slikt før ikkje eksisterte, med andre ord å setje ein pris på utslepp. Denne prisen skal vere så høg at vi reduserer utsleppa i tråd med det klimaforskinga fortel oss er naudsynt. Meir presist skal prisen på utslepp vere så høg som det kostar å redusere det siste tonnet. Er den lågare kuttar vi ikkje nok, og er den høgare betaler vi for mykje.


Men korleis kan vi etablere ein pris på noko som i utgangspunktet er gratis? Svaret er politikk. Skjervheim skriv i artikkelen sin: «Slike prisfastsetjingar kan berre gjennomførast politisk, og det krevst då både lover og juridisk sanksjonsmakt.» Allereie her – for å få etablert noko av det mest grunnleggande ved ein marknad, nemleg ein pris – er det naudsynt å gripe inn utanfrå.


Storleiken til klimaproblemet er i seg sjølv eit sentralt pragmatisk poeng. I sin siste rapport rådde FN sitt Klimapanel til at utsleppa av klimagassar burde reduserast med mellom 50 og 85 prosent innan 2050. Dersom vi tek omsyn til veksten i folketalet kan 50 prosent reduksjon reknast om til utslipp på om lag 2 tonn per capita midt i dette hundreåret. I dag er gjennomsnittet i verda 7 tonn per capita. I USA er utsleppa om lag 20 tonn per innbyggar, og i EU-landa mellom 10 og 12 tonn. I Kina er utsleppa i dag på 5 tonn per innbyggar og i India 2 tonn. I begge desse landa veks utsleppa raskt, og Kina er no det landet i verda med størst klimautslepp, med USA som ein god nummer to.


Kravet til kutt i utslepp er så radikalt at det i praksis inneber at ingen land i verda – med svært få unntak – har høve til å auka utsleppa sine frå det nivået dei er på i dag. Dei må ned stort sett over alt, inkludert i Kina og etter kvart også i India. Ut frå dette er to konklusjonar openberre: Den eine er at store kutt i dei landa som har høge utslepp er heilt naudsynte. Den andre er at desse kutta berre i liten grad kan skje ved tiltak i fattige land med låge utslepp t.d. gjennom kvotehandel. Slik det globale reknestykke over syner, må utsleppa ned i mest alle land i verda. Kutt i utslepp frå utviklingslanda vil venteleg gå på deira eigen kvote, og ikkje på kvoten til dei rike landa som slepp ut mest. Og dermed står vi att med ei utfordring om å kutte utsleppa i Europa med om lag 80 prosent, og i USA med om lag 90 prosent, innan 2050.


Det er på dette punktet ein kan spørje om noko slikt i det heile tatt er råd å få til, med tanke på at om lag 80 prosent av energibruken i verda er basert på fossile brensler. Når ei oppgåve synest umogleg er strategiar for så vel kynisme som justering av preferansar (som hos Jon Elster i ”Sour Grapes”) tenkjelege. I det fyrste tilfellet kan ein avgjere at ingenting speler nokon rolle likevel (sjølv om det isolert sett er ønskjeleg), og i det andre kan ein tenke som reven at rognebæra ikkje berre heng høgt, men at dei og er sure og difor lite attraktive. Då rasjonaliserer vi ved å overtyde oss sjølv om at vi eigentleg har andre preferansar. Resultatet er uansett ei form for pessimisme og handlingslamming i høve til problemet.


I artikkelen sin frå 1991 skriv Hans Skjervheim om den økologiske utfordringa: ”Situasjonen er paradoksal. Dersom vi er optimistiske med omsyn til utviklinga, og meiner vi kan tenkja og handla som før, kan det nettopp gå gale. Men dersom vi er pessimistiske, ja då kan vi ha ei mykje større von enn vi i vår pessimistiske lune er i stand til å tru på. Men ein slik kombinasjon av lune og von fører til at ein er i indre motstrid med seg sjølv, ein litt djupare pessimisme er paralyserande og sjølvdestruktiv.” Og vidare: ”Det som ligg i denne situasjonen, er, at i staden for å streva etter uoppnåelige prognosar heile tida, må vi gjere eit veddemål med historia. Men dei to alternativa er ikkje likeverdige. Vel vi det første alternativet, å halde fram med å tenka og handla som før, kan alt vere tapt for menneskeslekta, dersom mange andre gjer det same. Vel vi det andre alternativet, å revurdera heile vår tenke- og handlemåte, så har det sin pris, men då har vi og grunn til von om at alt ikkje er tapt lenger.”


Her snakkar vi om ”fundamentale skifte i mentalitet og tenkjemåte.” Er noko slikt tenkjeleg, eller er det berre latterleg og naivt? Skjervheim ville nok meine at det verkeleg naive er å halde fram som før. Då vert vi før eller sidan innhenta av dei økologiske problema. Mot dette reiser han eit anna perspektiv, nemleg perspektivet frå stoikarane: ”Stoikarane sitt utgangspunkt er at det særeigne ved mennesket er at det har fornuft, og fornufta kan overprøva og vurdera både seg sjølv og alt anna.”


Økonomisk rasjonalitet inneheld eit slag determinisme; det er preferansane som styrer handlingane våre, og desse er stabile og konsistente over tid. Dermed er det mogleg å rekna ut kva vi vil ønske å gjere under gitte høve. Hos stoikarane er det annleis: Det er fornufta som styrer preferansane og dermed også handlingane våre. Fornufta vår er verksam heile tida, den fell stadig dommar over den situasjonen vi er i, og av inntrykka som den ytre verda utsett oss for. Destruktive kjensler er eit resultat av feilvurderingar, av ufornuft og av handlingar som er i konflikt med dydane våre (dei fire dydane hjå stoikarane er visdom, mot, rettferd og sjølvkontroll). Pessimisme og mismot er såleis uttrykk for ukunne, - at vi ikkje har gjeve fornufta høve til å tolke situasjonen rett.


Om dette skriv Skjervheim: ”Det er klårt at i økonomisk teori etter Smith og Ricardo vert stoikarane si prioritering snudd opp ned. Det økonomiske mennesket (the economic man) er det motsette av ein stoikar, og om ein prøvde å realisera dette som livsprosjekt, ville stoikarane ha sagt det same som Epiktet sa om den hedonistiske lykkefilosofen Epikur: for eit vesen med fornuft er slike prosjekt sjølvmotsigande og langhalm.” Problemet er at teorien om det økonomiske mennesket fornektar ”at mennesket er eit fornuftsvesen som kan overprøva sine preferansar, og med det endra dei.”


Ut frå dette kunne ein seie at løysinga på store økologiske problem som klimakrisa reint logisk går utanfor den rasjonaliteten som nyttemaksimerande aktørar handlar etter. Slike aktørar er ute av stand til å løyse allmenningen sitt problem, for var det opp til dei ville alle felles ressursar vore utnytta til det ikkje var meir att. I klimasamanheng svarar dette til å fylle atmosfæren med så mykje klimagassar at store miljøendringar ikkje lenger er til å unngå. Individuell rasjonalitet summerer seg til kollektiv ufornuft. Altså må denne rasjonaliteten bandleggast.


For stoikarane var det slik at ekte fridom var noko ein kunne oppnå ved å la fornufta kontrollere lidenskapane. Bruken av fornufta var då ikkje avgrensa til intellektuell refleksjon, den skulle og syne seg gjennom konkret og praktisk livsførsel. Filosofien sin verdi var knytt til det verkelege livet, og var slik sett ikkje ”teoretisk”, men heller praktisk-etisk.


Bruk av økonomiske verkemiddel (som skatt eller kvotar) fell ikkje nødvendigvis utanfor eit slikt perspektiv, men grunngjevinga må finnast i ei fornuft som går utanfor og forbi den reint økonomiske. Ein lyt innsjå at ”nyttemaksimering” i visse høve handlar om å avstå frå handlingar som gjev nytte her og no, men som er til skade både for ein sjølv og andre på lengre sikt. Vi må tru at denne fornufta er innan rekkevidde, og at klimaproblemet ligg innanfor det stoikarane meinte ein kunne gjere noko med (i motsetning til det ein ikkje kan gjere noko med, og som stoikarane meinte vi berre kunne vere indifferente til). Og på dette punktet var Skjervheim litt optimistisk: ”Eg meiner at nettopp gjennom stoikarane kan ein på ein gjennomslagskraftig måte vinna attende det etiske perspektivet i høve til moderne økonomisk teori, og til politisk-teoretiske problemstillingar.”


Stoisismen er ein filosofi som legg vekt på etikken og korleis livet bør styrast av fornufta. Men det er ingen asketisk filosofi, det er heller ikkje ein filosofi for tilbaketrekking, sjølvsentrering og flukt frå problema. Stoikaren Epiktet sa det slik: ”Det er ikkje ting i verda som plagar mennesket, berre dei perspektiva vi legg på dei. Kvar finst det gode? I viljen. Kvar finst det vonde? I viljen. Kvar finst det korkje godt eller vondt? I dei tinga som er uavhengige av viljen.”


Ein spennande tanke er om slike perspektiv kan hjelpe oss til å sjå positivt på klimautfordringa og andre økologiske problem. Skjervheim er inne på noko av dette, og syner mellom anna til Arne Næss si formulering om å ”redde oss over i en annen bane med et nytt kriterium på fremskritt og rasjonalitet.” Kanskje vi kan tenke at løysinga på klimaproblemet faktisk er ei betre og meir rettferdig verd, ei meir fornuftig verd med velfungerande institusjonar for samarbeid mellom land og folk?


Kanskje skal vi gripa ufordringa med ”stoisk ro” og late oss inspirera av tanken om at det – trass i alt – finst ei fornuft som kan hjelpe oss til å gjere dei rette vala?



1 kommentar:

Svein Ø sa...

Interessante tankar. Mykje av dette vil også gjelda den økonomiske krisa me har opplevd det siste året, og den krisa sjølve økonomifaget har manøvrert seg inn i.

Og så er det kjekt å lesa så godt språk, på nynorsk.