søndag 15. februar 2009

Litt meir om vanskelege symbol

Eg kan forstå argumenta til Gunnar Skirbekk om å halde hijab vekk frå politiet. Men eg tykkjer ikkje at dei er overtydande. Slik eg ser det er det naudsynt å skilje mellom det prinsipielle og det praktiske. Kva tiltak politiet ynskjer å gjere bruk av i ein konkret situasjon - t.d. når det gjeld bruk av personell og utstyr - kan ikkje vere avgjerande for retten til å bere religiøse hovudplagg. Og det er nett denne retten saka handlar om.


Eg trur at mange ser argumenta for at vi skal ha eit uniformert politi – dei er velkjende. Men Skirbekk har framleis til gode å forklara meg og andre kva det er med ein hijab som gjer at ein politiuniform ikkje lenger er ein politiuniform, og kvifor denne markøren skal truge målet om nøytralitet og prinsippet om at lova gjeld likt for alle. Kva er det med ein hijab som fortel oss at politikvinna ikkje er nøytral og ikkje vil handle i samsvar med lova?


Ulike skribentar freistar no å forklara kvifor muslimske kvinner skulle ynskje å gå med hijab. Vi vert presenterte for alle moglege teoriar. Nokre meiner at hijab beint fram er kvinnediskriminerande, og at hijaben skulle vore ulovleg i landet vårt. Andre meiner å vite at hijab ikkje har noko med religion å gjere i det heile teke, men at plagget gjev uttrykk for sympati med aggressiv islamisme av typen Det muslimske brorskap og Al-Qaeda.


Ja, her finst det sikkert mykje ulikt å diskutere. Men dette er ei fantastisk misforståing av kva saka handlar om. I samfunn som ynskjer å verne om religionsfridom er det ikkje noko krav at folk skal gje vitskapelege – eller andre - grunnar til at dei trur det dei trur. Det er ikkje hjå individa at bevisbyrda ligg, for dei skal få tru nett kva dei vil. Det er samfunnet som eventuelt må ha ei meining om kvifor visse former for religiøs tru ikkje er akseptabel. Og eg kjenner ingen som for fullt alvor meiner at det ikkje skal vere lov å vere muslim i Noreg. For den del: Eg kjenner ingen som meiner at islam, reint prinsipielt, er uforeinleg med demokratiske ideal. (Noko anna er det sjølvsagt at demokratiet har tronge kår i ei rekkje muslimske land. Det er i seg sjølv ein viktig debatt, der ikkje minst Gunnar Skirbekk har levert viktige bidrag. At det finst spenningar mellom islam og det moderne er ikkje noko nytt, men det gjev oss ingen rett til å tru at muslimske kvinner som ynskjer å arbeide i politiet ikkje har respekt for dei lovene som gjeld i landet vårt.)


Og dermed er vi ved sjølve kjerna i saka: Det er lite anna vi kan gjere enn å akseptere at for visse muslimske kvinner er bruk av hijab eit spørsmål om tru og samvit. Vi treng korkje forstå eller vere einige i denne vurderinga. Men vi lyt akseptere at det finst folk som faktisk ser det slik.


Dette skjønar ikkje Rune Gerhardsen. Han er med på å gjere debatten pinleg og meir fordomsfull enn den treng å vere. Å samanlikna supportercaps og skautet til mor si med hijab syner at han ikkje evner å leva seg inn i at det finst menneske som trur på andre ting enn han sjølv. Det er deprimerande med tanke på den jobben vi har å gjere når det gjeld integrering og religiøs toleranse, og det er temmeleg respektlaust i høve til dei kvinnene som denne saka i fyrste omgang gjeld.


For det finst eit vidare perspektiv her. Ut frå statistikken burde det vore om lag 25 prosent av folk med minoritetsbakgrunn i politiet i Oslo. Dei burde vore ute på gatene kvar einaste dag og signalisert at det som er avgjerande for offentleg liv i Noreg ikkje er kva for religiøs oppfatning kvar og ein av oss har, men om vi har respekt for dei lovene som gjeld for alle - og for den prosessen som lovene er eit produkt av, nemleg demokratiet.


Ei av desse lovene regulerer omsynet til religiøse minoritetar i samfunnet (diskrimineringslova). Den lova slår fast at det ikkje er lov å nekte nokon å bere religiøse hovudplagg med mindre det finst klare, saklege og praktiske argument for dette. Såleis er hijab allereie akseptert både i forsvaret og i tollvesenet. I prinsippet kan dermed muslimske kvinner døy for Noreg iført hijab, men dei skal altså nektast å vere politi. Dette er direkte latterleg, spør du meg.


I denne debatten har eg ikkje høyrt nokon som meiner at politiet ikkje skal vere uniformert. Eg har heller ikkje høyrt nokon som meiner at praktiske omsyn når det gjeld utføring av politioppgåvene ikkje er viktige. Men eg har høyrt ei rekkje merkelege argument om at jødisk kippa og muslimsk hijab skapar tvil om både nøytralitet og om kva lover som gjeld. For meg er det heilt motsett: At det finst muslimske kvinner som i det heile ynskjer å gå inn i politiet for å praktisere dette krevjande yrket er for meg berre godt nytt – eg greier ikkje å sjå det annleis.


I mine augo burde dei vore klappa fram, og slett ikkje møtt med tvil om intensjonar og dømekraft. Eg deler ikkje dei religiøse meiningane deira og forstår ikkje kvifor det er naudsynt å dekkje til håret, men det er heldigvis ikkje kva saka handlar om. Spørsmålet er om dei skal ha høve til å tru det dei trur og handla i samsvar med dette. Svaret mitt er ja, og korkje Skirbekk eller Gerhardsen har greidd å overtyde meg om noko anna.

7 kommentarer:

Anonym sa...

den norske varianten av hijab er lett å observere i alle landets alpianlegg, og den vekker ingen oppstand - men kan vekke positiv oppmerksomhet. det kalles Devold ullhals, tube fra divere snøbrettprodusenter el.l. de finnes i alle regnbuens farger i ull eller fleece.
dersom vi hadde helårsvinter og politidamene bruke fargerike moteriktige "hijaber" hadde vel ingen lagt merke til det en gang.

ellers ser det ut til at prinsippet om "Do you want to know how I am - why don't you ask me?"
debatter om Andre, som gjøre dem til objekt for vår samtale, er grunnleggende i strid med Hans Skrevheim sine prinsipp. Kanskje Skirbekk skulle lese Deltakar og tilskodar omatt?
God lesing!

Fredrik Mellem sa...

Tiltredes - men dette løpet er kjørt.

Det er ikke lenger rom for nyanserte vurderinger av dette. Debatten synes avlyst før den startet, fordi 90 prosent av befolkningen har ropt opp om sin umiddelbare mavefølelse.

Sånn må det kanskje gå av og til, når våre egne stortingsrepresentantene føler at de må lese i avisen hva de skal mene?

Tom Sudmann Therkildsen sa...

Jeg er redd du har rett, men det gjør meg ikke mindre ergerlig. Vi har fått en skinndebatt om "nøytralitet" mens saken egentlig handler om fobier mot ulike minoriteter. Det plager meg at folk slipper unna med slikt.

Mads sa...

Jeg synes du avfeier sammenligningen med supporter-caps altfor arrogant.

Det finnes medlemmer av Klanen som er så dypt «religiøse» at de har tatovert VIF på kroppen. Vålerenga betyr så til de grader mye for dem, at livet ikke hadde vært det samme uten. Vi må kunne anta at disse har et like mye, om ikke mer, bevisst og nært forhold til VIF enn mange muslimske kvinner har til Islam og hijab.

Så, hvordan skal vi da kunne tillate hijab men forby en VIF-lue eller andre VIF-effekter?

Ifølge din argumentasjon er det individet og ikke staten som skal avgjøre hva som er eksistensielt viktig å bære av klær.

Håper du kan begrunne svaret.

Tom Sudmann Therkildsen sa...

Jeg er enig i at mange kan bli svært engasjerte i både fotballklubber, artister og andre ting. Men det å være fryktelig engasjert er ikke det samme som å ha en religiøs oppfatning.

Normalt vil vi kreve at en religion gir forklaring på alle sider ved tilværelsen; hvem vi er, hvor vi kommer fra, hvor vi skal, hva som er rett og galt, hva som er pliktene våre, hva som er forholdet til det guddommelige - og så videre. Enn så lenge tror jeg at det å være sterk tilhenger av Vålerenga ikke fullt ut kvalifiserer til dette, selv om jeg ikke er i tvil om at mange tar seire eller tap for Vålerenga svært alvorlig.

Jeg er ingen ekspert på hva som kan regnes som en "fullverdig" religion, men jeg føler meg trygg på at selv Klanen er et stykke unna. Idrett og religion har før øvrig krysset hverandre ofte opp igjennom historien. Da den romerske keiseren Theodosius nedla forbud mot de klassiske olympiske lekene i år 394 var begrunnelsen at lekene var hedenske, fordi de ble brukt til å feire de før-kristne gudene.

Hilde Widerøe Wibe sa...

Veldig enig. jeg klarer ikke helt å hisse meg opp over hijab i politiet. Er derimot i ferd med å hisse meg over usaklighetsnivået som debatten preges av. Det siste er en same som er redd det vil føre til ytterligere undertrykking av samisk kultur... Forstå det den som kan

Tom Sudmann Therkildsen sa...

Jeg blir kanskje ikke så veldig opphisset jeg heller, men jeg merker at spørsmålet engasjerer flere enn meg. For øvrig synes jeg at Morgenbladet hadde en klok lederartikkel om dette:

http://www.morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20090213/OLEDER/346202833

Hvis vi ikke orker å treffe en politikvinne i hijab, som er på jobb for å håndheve loven, da tror jeg vi sliter med mer enn en ting, for å si det slik.