mandag 1. november 2010

Velmeint prinsippløyse

Det er ein god ting at SV opnar for debatt om eigne prinsipp. Og det er ein god ting at framlegget til nytt prinsipprogram inneheld fint lite av det ”vitskaplege” marxistiske slagget som har øydelagt for venstresida i generasjonar.

Men i staden for å kaste marxismen ut hovudinngangen skal den i staden snikast ut gjennom bakdøra. Då går det på prinsippa laus. I den eine augneblinken skal all økonomisk verksemd underleggast planlegging, styring og kontroll. Marknadskreftene skal motverkast på alle nivå. I den andre augneblinken skal vi ha eit sterkt og variert norsk næringsliv, med konkurransedyktige verksemder i dei internasjonale marknadene. Desse verksemdene skal truleg ikkje styrast etter overskot (”profitt”) og verdiskaping, men kva skal dei styrast etter då? Og korleis skal dei overleve og slik skape trygge arbeidsplassar med høge inntekter?

På miljøområdet er motsetnadene like store. På den eine sida skal omsynet til miljøet ”gå foran profitthensyn og snevre økonomiske interesser i alle beslutninger.” På den andre sida skal ein ikkje gjere meir enn å ”begrense luftforurensningen særlig i utsatte områder,” medan avfall ”skal så langt det er mulig gå til materialgjenvinning og energigjenvinning.” Transportsektoren skal gjerast ”mer miljøvennlig.” Ikkje heilt miljøvennleg? På mindre enn ei side har prinsippet om ”alle” avgjerder vorte erstatta med rein pragmatisme. Meiner ein ”alle” avgjerder så meiner ein vel ”alle?”

Ikkje i SV. Årsaka er enkel, nemleg at summen av dei prinsippa som vert lagt fram ikkje kan oversettast til eit forståeleg politisk program. Anten så meiner ein at miljøet skal gå føre alle andre omsyn, eller så meiner ein det ikkje. Anten så meiner ein at marknaden skal erstattast med ein ”demokratisk plan,” eller så meiner ein det ikkje.

Og viktigare – sett frå ein sosialdemokratisk ståstad – om ein faktisk meiner at vi frå tid til annan må sette ulike prinsipp og omsyn opp mot kvarandre, ja, då lyt ein seie klart frå jamvel om det. Med andre ord: Om det er slik at SV vil ha både marknad og styring, både miljø og nødvendige naturinngrep, både nasjonal kontroll og internasjonalt samarbeid, så er det oppgåva til prinsipprogrammet å seie noko om korleis slike val best bør gjerast. For det er slike val både praktisk og prinsipiell politikk handlar om.

Dette orkar ikkje SV, og eg trur årsaka er at fleirtalet i partiet framleis ikkje vil vedkjenne seg at dei for alle praktiske føremål er eit sosialdemokratisk parti. Det er eit parti som for lengst har erkjent kvaliteten til ein marknadsøkonomi; ein økonomi med konkurranse, innovasjonar, omstillingar og teknologiske framsteg. Ein økonomi som korkje er feilfri eller fri for kriser, men som likevel er alle versjonar av statsstyrte planøkonomiar fullstendig overlegen, og som skapar dei verdiane som gjer omfordeling og sosial tryggleik mogleg. I staden for å ta denne erkjenninga inn over seg, plagar partiet framleis seg sjølv med uklar tale om ”å finne mekanismer som støtter utviklingen og utbredelsen av nødvendige varer og tjenester.” Kva for varer og tenester som er ”nødvendige” står det ingen ting om, og ein skjønar kvifor: Den lista ville anten vere skremmande kort eller uendeleg lang.

Når prinsippa ikkje tek deg dit du vil, står berre viljen att. ”Virkeligheten skapes av menneskene,” står det i programmet. Nietzsche kunne ikkje sagt det betre. Men samstundes opnar ein for at rein vilje ikkje alltid er tilstrekkeleg: ”Det holder ikke med å oppfordre til det gode hos mennesker for å forandre samfunnet.” Denne setninga stussa eg alvorleg over. For om du ynskjer å gjere store forandringar i samfunnet, men ikkje kan appellere til velvilja hjå borgarane, korleis skal endringane då skje? Ved tvang? Ved reguleringar som folk ikkje ynskjer? Er dette like dårleg tenkt som det er skrive?

Eg er villig til å sjå på formuleringa som ein glipp, for den beste delen av programmet handlar om fridom, demokrati og personlege rettar. Dette er sjølvsagt dei viktigaste verkemidla for alle parti som ynskjer å endre samfunnet. Her plasserer SV seg trygt innanfor ein sosialdemokratisk og liberal tradisjon, med unnatak for ein pinleg dissens frå eit mindretal som framleis ikkje orkar ytringar dei sjølv ikkje liker. Og setningar som dette: ”SV vil arbeide for et sosialistisk folkestyre med utjevning av makt og eiendom.” Kor mykje enklare hadde ikkje livet vore for programkomiteen om dei kunne stryke ordet ”sosialistisk?” For kva er skilnaden mellom ”folkestyre” og ”sosialistisk folkestyre?” Eg håpar det ikkje er den setninga eg har vist til ovanfor.

Høge ambisjonar for det nasjonale demokratiet og den individuelle fridomen her heime møter likevel hard motstand så snart SV vender seg ut over landegrensene. Det ute ser det riktig ufyseleg ut, og det paradoksale er at det bortimot er verst i nærområda våre – i EU, der kor rettsstaten er sterkast, velferden er mest utbygd og rettstryggleiken er størst: ”EUs markedsliberalisme innebærer en systematisk styrking av kapitalkreftene på bekostning av fagbevegelsen og andre motkrefter i Europa. EU undergraver demokratiet og svekker muligheten for folkelig deltakelse.” Så mykje for demokratia i Europa.

Skal ein finne noko positivt i utlandet lyt ein reise langt, ja eigentleg er det berre ei adresse som er mogleg: New York og Dei sameinte nasjonane (SN), - ein organisasjon som dessverre slit med både demokrati og truverde. Elles er det berre ”folkelige motkrefter” og uspesifiserte ”demokratiske organer” ein kan snakke om. Ei så naiv og unyansert analyse av omverda er heilt utilgjeveleg. Paul Chaffey skriv i kommentaren sin om programmet at det er utruleg at eit opplyst parti som SV ikkje har meir å seie om globaliseringa  - ei kraft som har utløyst store endringar i den politiske og økonomiske geografien dei siste tiåra.

SV er altså ”mot” verda omkring oss. Men dei vil gjere noko med det: Oljefondet skal nyttast til ”å påvirke konserner, pensjonsfond, andre investorer og regjeringar. En langt større del av fondets avkastning bør brukes på miljø og utvikling.” Eit mindretal vil gjere fondet om til ”en alternativ verdensbank” som skal gje kredittar til land som ikkje greier å skaffe seg pengar på andre måtar. Med andre ord: Der kor andre land ikkje ser at nye lån er moglege, skal Noreg opne opp pengesekken. SV må ha sterk tru på at norske pengar er betre enn andre pengar, men kva for prinsipp denne trua bygger på er ikkje godt å seie.

Det er ikkje enkelt å skrive seg rundt sosialismen når ein har ”sosialisme” som ein del av sjølve partinamnet. Då vert det i staden ufullstendige analysar, uklare omgrep, motstridande prinsipp og gode ynskjer om ei verd som er annleis og mindre komplisert enn i dag. Det hadde vore interessant om både fleirtalet og mindretalet i programkomiteen hadde skrive det programmet dei eigentleg ynskjer. Truleg hadde så vel fleirtalet som mindretalet greidd å stokke beina betre, men usemja dei i mellom hadde og vore tydlegare.

Mandatet til komiteen var å lage eit framlegg som ”har lang holdbarhet.” På dette punktet har komiteen mest sannsynleg svikta.

Ingen kommentarer: